Medlemsmøte

Velkomen til medlemsmøte i regi av Årdal hundeklubb

21. mars 2018, kl. 18.00

Stad: «gamle sjukestova» i Øvre Årdal (lokala til Norsk Folkehjelp Årdal)

 

 

PROGRAM:

Veterinær Liv Romøren informerer om

  • Kvalp/unghund
  • Generelt stell
  • Vaksiner inn-/utland

Her får du anledning til å snakke med ein veterinær om det er noko du lurer på, eller gjerne vil vite meir om!

Kva er eit medlemsmøte?

Eit medlemsmøte er eit fora der klubbens medlemmar har anledning til å ta del i planlegginga av framtidige aktivitetar; er det noko du saknar, eller skulle ynskje var annleis – og gjerne forslag på nye aktivitetar klubben ikkje har pr. i dag – då er medlemsmøtet rette plassen!

Her møter du representantar frå styret som vil ta innspel med vidare til resten av styret.  :-)

Du vil også få informasjon om agilitystevnet me arrangerar 29. juni – 1. juli i år – det vart ein braksuksess i fjor, og me er godt i gang med planlegginga til årets happening!

Håpar å sjå deg på medlemsmøtet!

Det blir enkel servering av kaffe og «noko attåt».