Ventar storinnrykk til helga!

Arkivbilete frå Årdalstangen skule og fritidspark i 2017

Rundt 50 campingvogner, bubilar og telt er venta sin ankomst til Årdalstangen torsdag 28. og fredag 29. juni, og kan med rette kallast eit storinnrykk der sognefjorden går på land!

Årdal Hundeklubb arrangerer agilitystevne for andre året på rad, og med suksessen frå i fjor i bakhovudet, håpar me på å gjenta det i år!
Klubben er så heldig å få låne dei fleste fasilitetar på Årdalstangen skule og fritidspark, og det vil derfor bli «livat» på Cuba denne helga!

Litt praktisk informasjon:
For dei som ynskjer å nytta Cuba som det fritidstilbodet det er, vil det bli begrensa mogelegheit for dette frå torsdag til søndag på grunn av arrangementet.

Me vil også bruke speakeranlegget i stor grad på fredag kveld, samt formiddag/ettermiddag på laurdag og søndag.

Program:
Fredag kl 17 køyrer me i gong dei fyrste løpa, desse er uoffisielle og dei 12 beste frå fredagen går vidare til finale laurdagen der «Aordalsmeister 2018» blir kåra!

Laurdag morgon byrjar dei offisielle løpa, og me vil halde på heile dagen. Det blir samla premieutdeling etter alle løpa på kvelden. Søndagen startar tidleg då det er mange tilreisande til stevnet.

Deltakarane kjem frå «land og strand» og me i Årdal hundeklubb set stor pris på at så mange vil ta turen hit!

For å få opp stemninga under løpa håpar me på mykje publikum!
Det er FRI inngang og kiosken er open for alle :-) 

Velkommen!