Oppstart av kvelpekurs!

Hausten er godt i gang, og no køyrer me i gang med kvelpekurs!

Me i Årdal Hundeklubb tykkjer det er veldig kjekt at så mange etterspør aktivitetar, og me gjer det me kan for å innfri ynskjene.

No har me trenarar tilgjengeleg til å avholde kvelpekurs, og oppstart er allereie søndag 4. november!

Dessverre er det litt knapp påmeldingsfrist, men me håpar du og din nye firbeinte vil henge dykk på!

Det er ei viktig tid for både deg og kvelpen no, der de skal bli kjent med kvarandre, og kvelpen skal lære veldig mykje i løpet av sitt første år. På eit kvelpekurs treff de andre kvelpar og tobeinte med ein felles interesse, og de lagar ein fin grobunn for vidare utvikling!


Praktisk info:

  • Kursdag blir søndagar frå kl. 12.00 – 13.00 på treningsområdet i Seimsdalen
    Det blir totalt 4 timar med kurs før jul (ikkje søndag 18. november), og 3 kurstimar etter nyttår.
    Treningsøkta kan bli lengre ved mange påmeldte.

 

  • Kurset består av 6 timar praktisk trening, og siste kurstimen blir teori og spørsmålsrunde.

 

  • Prisar:
    kr 500,- for medlemmar av Årdal Hundeklubb
    kr. 900,- for ikkje-medlemmar

 

  • Kurset er for kvelpar mellom 4 og 10 månader
    NB! Det er krav om at hunden er vaksinert!

 

  • Påmelding til eliseneverdal@hotmail.com innan torsdag 1. november!
    Informasjon som må med:
    – Navn
    – Kvelpens navn og alder
    – Rase og kjønn
    – Telefonnummer og e-post

    Bruk også denne epost-adressa om du har spørsmål vedrørande kurset.