Agilitystevne 2018

Årdal hundeklubb arrangerer agilitystevne 29 juni – 1 juli 2018 på området til Tangen skule og fritidspark.
Underlag: fotballbane med gras

Sjå også undermenyane for meir deltajar rundt stevnet! :-)

Fredag 29.6.2018: 
Uoffisielle løp, Åpen Hopp og AG

Laurdag 30.6.2018:
AG/Hopp Klasse 1-3 + lag, barn og hund, finale åpen hopp (kvalifisering frå fredag)

Søndag 1.7.2018:
AG/hopp Klasse 1-3 + lag

Påmelding via nkk.no – min side.
Påmeldingsfrist er 11. juni 2018!

Dommarar: 
Kurt Ove Steinset
Gondola Guttormsen

Bobil/campingvogn:
Booking- og betalingsfrist 25. juni 2018 til Rune Hunderi
epost: rune.hunderi@hydro.com
mobil: 948 18 451

Betaling av camp til kontonummer 3730.05.25637

 

Viktige telefonnummer;

Stevneleiar Ingrid Nordbye-Antonsen mobil 993 79 171
Stevnecamping Rune Hunderi mobil 948 18 451
Sekreteriat Laila Røneid mobil 952 77 145
Veterinærvakt Lærdal 57 00 63 80


Tilbakeblikk til 2017:

7. – 9. juli 2017 arrangerte klubben sitt første agilitystevne. Det gjekk over tre dagar og me starta fredag med uoffisielle løp som var kvalifisering til finale og tittelen «Aordalsmeister 2017».

Laurdag og søndag var det offisielle løp i Agility og Hopp. Interessa for å komme til Årdal på stevne var enorm og til stor glede for oss som arrangør.

Me hadde totalt 725 løp på tre dagar.

Laurdagen arrangerte me barn og hund med god deltaking frå lokale og tilreisande hundar.

Til å vera vårt første stevne var me godt nøgd med heile arrangementet, men me hadde aldri klart det utan den fantastiske sponsinga frå både bedrifter i hundemiljøet og lokale aktørar, kjekke og hjelpsomme deltakarar og flinke, positive frivillige!

Tusen takk til kvar og ein for innsatsen!!

Litt mimring frå 2017 må til:

Agilitystevnet 2017. Foto: Håvard Nilsen
Agilitystevnet 2017. Foto: Håvard Nilsen
Agilitystevnet 2017. Foto: Håvard Nilsen
Agilitystevnet 2017. Foto: Håvard Nilsen
Agilitystevnet 2017. Foto: Håvard Nilsen
Agilitystevnet 2017.
Oversiktsbilete av stevneområdet. Foto: Aud Andersen
Fotballbane som underlag i banene.