Agilitykurs med Andrea Huseby!

Har du lyst å lære å gå agility med hunden din eller har du kanskje allereie prøvd deg på agility?

Tid: 23. og 24. mai 2020
Stad: Treningsområdet, Seimsdalen
Instruktør: Andrea Huseby


Kurset vert delt opp i grupper og tilpassa det nivået du og hunden er på.
Det blir maks 4 deltakarar pr. gruppe og tidspunkt for kvar gruppe blir sett opp når me ser tal deltakarar.

For meir informasjon og påmelding

TRYKK HER!

Noseworkkurs 17-19 april 2020

Årdal Hundeklubb inviterer til noseworkkurs – fin aktivitet med spesialsøk i kvardagen. Passar alle hundar, uansett alder og rase.

Stad: Treningsområdet til Årdal hundeklubb i Seimsdalen
Instruktør: Mari Indrebø Lægreid, godkjent instruktør frå Canis

«Nosework passer for alle hunder og eiere. Vi har sett eksempler på alt fra valper, rastløse unghunder, jakthunder til pensjonerte trekkhunder få glede av denne aktiviteten. Om hunden har fysiske utfordinger kan nosework være et godt valg, hunder med nedsatt syn og hørsel eller krav om ro kan fremdeles drive med nosework. Hunder med atferdsutfordringer, behov for å bygge litt selvtillit eller utløp for energi kan også få godt utbytte av aktiviteten.Som eier trenger du ingen forkunnskaper for å starte med nosework. Dette er ingen dyr sport og om du selv har helseutfordinger er dette en super aktivitet som ikke trenger kreve mye innsats fra deg, mens hunden fremdeles blir god og sliten av å få søke.
Er du på den andre siden født med konkurranseinstinkt, er det også mulig å konkurrere, hittil kun i klasse 1 i Norge»

For meir informasjon om kurset, samt påmelding

TRYKK HER!

Agilitystevne 2020!

Då er me i stevnekomiteen byrja arbeidet mot stevnet som i år er 26. – 28. juni!
Informasjon vil bli publisert både her på heimesida (sjå meny for agilitystevne), og på våre kanalar på Facebook.

For å komme direkte til Facebook-arrangementet, klikk HER!

Me håpar å sjå dykk denne helga!

Fra stevnet i 2018

Ventar storinnrykk til helga!

Arkivbilete frå Årdalstangen skule og fritidspark i 2017

Rundt 50 campingvogner, bubilar og telt er venta sin ankomst til Årdalstangen torsdag 28. og fredag 29. juni, og kan med rette kallast eit storinnrykk der sognefjorden går på land!

Årdal Hundeklubb arrangerer agilitystevne for andre året på rad, og med suksessen frå i fjor i bakhovudet, håpar me på å gjenta det i år!
Klubben er så heldig å få låne dei fleste fasilitetar på Årdalstangen skule og fritidspark, og det vil derfor bli «livat» på Cuba denne helga!

Litt praktisk informasjon:
For dei som ynskjer å nytta Cuba som det fritidstilbodet det er, vil det bli begrensa mogelegheit for dette frå torsdag til søndag på grunn av arrangementet.

Me vil også bruke speakeranlegget i stor grad på fredag kveld, samt formiddag/ettermiddag på laurdag og søndag.

Program:
Fredag kl 17 køyrer me i gong dei fyrste løpa, desse er uoffisielle og dei 12 beste frå fredagen går vidare til finale laurdagen der «Aordalsmeister 2018» blir kåra!

Laurdag morgon byrjar dei offisielle løpa, og me vil halde på heile dagen. Det blir samla premieutdeling etter alle løpa på kvelden. Søndagen startar tidleg då det er mange tilreisande til stevnet.

Deltakarane kjem frå «land og strand» og me i Årdal hundeklubb set stor pris på at så mange vil ta turen hit!

For å få opp stemninga under løpa håpar me på mykje publikum!
Det er FRI inngang og kiosken er open for alle :-) 

Velkommen!