Oppstart av kvelpekurs!

Hausten er godt i gang, og no køyrer me i gang med kvelpekurs!

Me i Årdal Hundeklubb tykkjer det er veldig kjekt at så mange etterspør aktivitetar, og me gjer det me kan for å innfri ynskjene.

No har me trenarar tilgjengeleg til å avholde kvelpekurs, og oppstart er allereie søndag 4. november!

Dessverre er det litt knapp påmeldingsfrist, men me håpar du og din nye firbeinte vil henge dykk på!

Det er ei viktig tid for både deg og kvelpen no, der de skal bli kjent med kvarandre, og kvelpen skal lære veldig mykje i løpet av sitt første år. På eit kvelpekurs treff de andre kvelpar og tobeinte med ein felles interesse, og de lagar ein fin grobunn for vidare utvikling!


Praktisk info:

  • Kursdag blir søndagar frå kl. 12.00 – 13.00 på treningsområdet i Seimsdalen
    Det blir totalt 4 timar med kurs før jul (ikkje søndag 18. november), og 3 kurstimar etter nyttår.
    Treningsøkta kan bli lengre ved mange påmeldte.

 

  • Kurset består av 6 timar praktisk trening, og siste kurstimen blir teori og spørsmålsrunde.

 

  • Prisar:
    kr 500,- for medlemmar av Årdal Hundeklubb
    kr. 900,- for ikkje-medlemmar

 

  • Kurset er for kvelpar mellom 4 og 10 månader
    NB! Det er krav om at hunden er vaksinert!

 

  • Påmelding til eliseneverdal@hotmail.com innan torsdag 1. november!
    Informasjon som må med:
    – Navn
    – Kvelpens navn og alder
    – Rase og kjønn
    – Telefonnummer og e-post

    Bruk også denne epost-adressa om du har spørsmål vedrørande kurset.

Dugnadsånd kom, treng deg på!

Bilete frå dugnaden 21. mai 2018

 

Det er tid for dugnad på treningsområdet i Seimsdalen, og me ynskjer alle velkommen til å bidra for å gjere området finare!

Me har satt opp tre dugnadsdagar før sommaren, og dei er som følger:

måndag 21. mai kl. 14.00

tirsdag 29. mai kl. 17.30

søndag 10. juni kl. 16.30

Mandag 21. mai fyrer me opp grillen og lager til enkel grillmat. Dei andre dagane lover me at du får kaffi, brus og noko godt å bite i :)

Kva må gjerast:
– rydde område for kvist og kvast
– fjerne haug med gammalt gras frå tidlegare år
– sjekke/fikse gjerde rundt heile området
– vaske og rydde i brakker og utstyrslager
– fikse dør i opphaldsbrakke (treng dør viss nokon har)
– lage port inn til sitteplassen
– trekke ledninger til ny grasklippar
– slå med kantmaskina

Har du verktøy som du trur me kan ha bruk for så ta det med. Me har litt utstyr, men ikkje så mykje.

Vel møtt!!

HER kan du sjå bilete frå dugnadsdagane :-)

Oppstart kvelpekurs!

Det har vore mykje etterspurnad etter kvelpekurs, og me i Årdal hundeklubb tykkjer det er svært gledeleg at fleire no henvendar seg til oss og ynskjer å få hjelp til å legge eit godt grunnlag for kvelpen eller unghunden!

Følg påmeldingslinken under her, og les informasjonen nøye.

Velkommen til kvelpekurs – enten du er førstegongseigar eller du har/har hatt hund frå før!

PÅMELDINGSSKJEMA – TRYKK HER!

 

Oppstart av barne- og ungdomsgruppe

Årdal hundeklubb startar opp att med barnegruppe (agility) frå og med onsdag 23. mai, og held fram til og med onsdag 20. juni!

Det er mogleg å låne snille hundar av aktive agilityfolk i klubben!

Påmelding snarast, og seinast innan 20. mai.
Send påmelding og info om bornet (alder) til agaahk@online.no

Alder: 7-16 år

Kun kr 50,- i kursavgift (gjelder heile kurset)!