Oppstart av barne- og ungdomsgruppe

Årdal hundeklubb startar opp att med barnegruppe (agility) frå og med onsdag 23. mai, og held fram til og med onsdag 20. juni!

Det er mogleg å låne snille hundar av aktive agilityfolk i klubben!

Påmelding snarast, og seinast innan 20. mai.
Send påmelding og info om bornet (alder) til agaahk@online.no

Alder: 7-16 år

Kun kr 50,- i kursavgift (gjelder heile kurset)!

 

Medlemsmøte

Velkomen til medlemsmøte i regi av Årdal hundeklubb

21. mars 2018, kl. 18.00

Stad: «gamle sjukestova» i Øvre Årdal (lokala til Norsk Folkehjelp Årdal)

 

 

PROGRAM:

Veterinær Liv Romøren informerer om

  • Kvalp/unghund
  • Generelt stell
  • Vaksiner inn-/utland

Her får du anledning til å snakke med ein veterinær om det er noko du lurer på, eller gjerne vil vite meir om!

Kva er eit medlemsmøte?

Eit medlemsmøte er eit fora der klubbens medlemmar har anledning til å ta del i planlegginga av framtidige aktivitetar; er det noko du saknar, eller skulle ynskje var annleis – og gjerne forslag på nye aktivitetar klubben ikkje har pr. i dag – då er medlemsmøtet rette plassen!

Her møter du representantar frå styret som vil ta innspel med vidare til resten av styret.  :-)

Du vil også få informasjon om agilitystevnet me arrangerar 29. juni – 1. juli i år – det vart ein braksuksess i fjor, og me er godt i gang med planlegginga til årets happening!

Håpar å sjå deg på medlemsmøtet!

Det blir enkel servering av kaffe og «noko attåt».

Agilitystevne 2018

Årdal hundeklubb arrangerer agilitystevne 29. juni – 1. juli 2018 på området til Tangen skule og fritidspark.
Underlag: fotballbane med gras

Fredag 29.6.2018
Uoffisielle løp, Åpen Hopp og AG

Laurdag 30.6.2018
AG/Hopp Klasse 1-3 + lag

Søndag 1.7.2018
AG/hopp Klasse 1-3 + lag

Påmelding via nkk.no – min side
Ordinær påmeldingsfrist: 30.5.2018

Dommarar:
Kurt Ove Steinset
Gondola Guttormsen

Bobil/campingvogn:
Bookingfrist 2. juni 2018 til Rune Hunderi
epost: rune.hunderi@hydro.com
mobil: 948 18 451

Kunngjering årsmøte 2018

Det vert årsmøte i Årdal hundeklubb torsdag 1. februar kl. 18.00 på Klingenberg hotell.
Innkalling med sakliste vert sendt ut 14 dagar før møtet.

Saker
Forslag eller saker fra medlemane må vere styret i hende/poststempla seinast 4 veker før møtedato. De kan sende på epost til agaahk@online.no eller i post til Årdal hundeklubb c/o Laila Røneid, Torvald Lægreidsveg 11, 6885 Årdalstangen innan 1. januar 2018.

Val
Forslag på kandidatar til val må vere valnemnda i hende/poststempla seinast 4 veker før møtedato, innan 1. januar 2018. Leiar i valnemnda er Hilde Johanne Myklebust, epost hildejom@hotmail.com

Desse er på val i 2018 (utheva skrift):

Verv Namn Periode
Leiar Laila Røneid 2017
Nestleiar Nina F.H. Hunderi 2017/2018
Sekretær Elise Fretheim Neverdal 2017/2018
Kasserar Bodil H. Selland Nordnes 2016/2017
Styremedlem Oskar Seim 2017/2018
Styremedlem Hilde Johanne Myklebust 2016/2017
Vara Anders Lindborg 2016/2017
Revisor Aud Andersen 2016/2017
Revisor Rune Hunderi 2016/2017

Valkomite

Leiar Hilde Johanne Myklebust 2017/2018
Nestleiar Rune Hunderi 2017
Medlem Nina Merete Sandvik 2017/2018
Vara Ingrid Nordbye-Antonsen 2017