Praktisk informasjon

Ringoppsett

Stevnet er på fotballbane (gras) med 2 ringer.

Fredag blir det ein hoppring og ein AG-ring.
Laurdag og søndag blir det ein liten/mellom ring og ein stor ring.

  • Briefingtider blir holdt
  • Startnummer må skrivast ut og vere synlig

Stevnet vert arrangert etter NKKs regler.
Hugs vaksinasjonsattest og målebrev (3 eksemplarer).

Prisar på løp:

Åpen: kr 50,-
Lag hopp: kr 250,-
Enkeltløp: kr 130,- (kr 250,- for 2 ekvipasjar samme dag)
Barn og hund: kr 50,- (betalast på staden)
Seniorløp: kr 50,- (sjå info under vedr påmelding)

NB! Merk påmeldingsfrist 1. juni!
Denne fristen gjelder og booking av overnatting på stevneområdet!

Måndag 22. juni er det frist for:  (sendast til epost agaahk@online.no)

  • Påmelding til senior og kr. 50,- i betaling til konto 3730.05.25637 merk navn på fører og regnr hund.
  • Lagoppsett for laurdag (ligg vedlagt i PM til påmeldte som blir sendt ut etter påmeldingsfristen)
  • Opprykk frå laurdag til søndag må meldast innan lørdag kl. 20.00 i sekretariatet


Overnatting:

Porten til stevnecampingen opnar torsdag kl. 17.00 og stenger 1 time etter stevneslutt søndag. Gratis dusj, toalett og wifi.

Prisar 2020:

Bubil/campingvogn kr. 500,-

Telt kr. 200,-

Betaling for camping til konto 3730.05.25637, eller VIPPS nr 589253 Årdal Hundeklubb, innan 1. juni merk med registreringsnummer på bubil/vogn/bil (gjelder dei med telt).
Send e-post til Arne Seim på arne.seim@hmr.no når betalinga er utført.

Ta med kvittering/bevis for betaling.

Kontaktperson for booking er Arne på mobil 902 02 426.

Det vert skilta frå rundkøyring på Årdalstangen til Tangen skule og fritidspark.
NB! Campingvogner/bubil må følge eiga skilting til stevnecamping (sjå bilete)!

Fasilitetar på området:

Me er så heldige å disponere store deler av idrettsanlegget på Årdalstangen denne helga – stor takk til Årdal kommune som leiger ut dette til oss!

Me har tilgang til garderobar med dusjar og toalett som er ope for deltakarar og publikum gjennom helga.

I tillegg blir det kiosk med salg av varm og kald drikke, mat og snacks til ein rimeleg pris. Me har Vipps og bankterminal, i tillegg til kontantar.

Me får også besøk av nokre som ynskjer å ha stand gjennom helga, så her blir det action nesten uansett kvar du snur deg!

Det vil bli fyrt opp grillar både fredag og laurdag kveld, og me håpar så mange som mogleg blir med på eit sosialt avbrekk i konkurransenervene!
NB! På grunn av brannfare, er det ikkje lov å grille på eiga hand på stevneområdet. 

Kva fins i Årdal kommune?

Årdal kommune er bygda der sognefjorden går på land, og er vertskap for fantastiske naturopplevingar.

Benytt gjerne anledningen til å ta nokre turar i nærområdet, enten som oppvarming eller avkobling – aller helst begge deler!
Det vil komme meir informasjon om anbefalte turar o.l. nærmare stevnehelga.

På Årdalstangen er det to daglegvarebutikkar, ein kafè/restaurant, ein sportsbutikk og Bademiljø.

Årdalstangen har også eit friluftsbasseng som er opent kvar dag, med rimelege inngangsprisar – kanskje familien ynskjer ein pause frå stevneområdet i løpet av dagen? Det er ca 15 min. i gangavstand frå stadion.

I Øvre Årdal finn du Årdalsenteret med kle- og skobutikkar, daglegvarebutikk og kafè/bakeri. Europris ligg også i Øvre Årdal, samt ein møbelforretning.

Du finn også eit friluftsbasseng som er vel verdt turen om du først er i nærleiken.

Frå stevneområdet tar det omlag 15 minutter å køyre til Øvre Årdal.

Kontakt:
Elise Fretheim Neverdal (stevneleiar), mobil 482 57 377

Ingrid Nordbye-Antonsen, tlfnr 993 79 171