Treningsområde

Årdal Hundeklubb disponerar eit stort inngjerda treningsområde i Seimsdalen. Her har me brakke til møter og oppholdsrom. Container til oppbevaring av agilityutstyr og ei lita utstyrsbrakke til diverse anna.

Det er også ein inngjerda luftegard på 2 x 2 meter med dør tilgjengeleg på området.

For å få tilgang til treningsområdet må du vere medlem. Send e-post til aardalhundeklubb@gmail.com eller send ein melding til oss på Facebook for å få kode til låsen.

Oversikt over planlagte aktivitetar finn du på Facebook-sida vår