Praktisk informasjon

Ringoppsett

Stevnet er på fotballbane (gras) med 2 ringer.

Det er ein hoppring og ein AG-ring alle tre dagane.

  • Briefingtider blir holdt
  • Startnummer må skrivast ut og vere synlig

Informasjon om tidsskjema, ring, startlister med meir. 

Stevnet vert arrangert etter NKKs regler og gjeldande smittevernregler.
Hugs vaksinasjonsattest og målebrev (3 eksemplarer).

NB! Merk desse fristane
– send epost til aardalhundeklubb@gmail.com

innan torsdag 24. juni kl. 20.00:

  • Påmelding til senior og kr. 50,- i betaling til konto 3730.05.25637 merk navn på fører og regnr hund.
  • Lagoppsett for laurdag
  • Opprykk frå laurdag til søndag må meldast innan lørdag kl. 20.00

Overnatting:
Stevnecampingen opner torsdag 24. juni fra kl. 09.00 og stenger 1 time etter stevneslutt søndag. Gratis dusj, toalett og wifi.
Følg smittevernreglane for bruk av dusj og toalett.

Kontaktperson for camping er Anne-Grethe Solheimslid mobil 416 17 519

Det vert skilta frå rundkøyring på Årdalstangen til Tangen skule og fritidspark.
NB! Campingvogner/bubil må følge eiga skilting til stevnecamping (sjå bilete)!

Fasilitetar på området:

Me er så heldige å disponere store deler av idrettsanlegget på Årdalstangen denne helga – stor takk til Årdal kommune som leiger ut dette til oss!

Me har tilgang til garderobar med dusjar og toalett som er ope for deltakarar og publikum gjennom helga.

Det er kiosk med salg av varm og kald drikke, mat og snacks til ein rimeleg pris. Me ynskjer at du helst betaler med Vipps eller bankterminal.

NB! På grunn av brannfare, er det ikkje lov å grille på eiga hand på stevneområdet. 

Kva finst i Årdal kommune?

Årdal kommune er bygda der sognefjorden går på land, og er vertskap for fantastiske naturopplevingar. Les meir om Årdal på Visit Årdal sine heimesider – her finn du og tips til turar og andre opplevingar.

Benytt gjerne anledningen til å ta nokre turar i nærområdet, enten som oppvarming eller avkobling – aller helst begge deler!

Årdalstangen har også eit friluftsbasseng som er opent kvar dag, med rimelege inngangsprisar – kanskje familien ynskjer ein pause frå stevneområdet i løpet av dagen? Det er ca 15 min. i gangavstand frå stadion.

I Øvre Årdal finn du Årdalsenteret med kle- og skobutikkar, daglegvarebutikk og kafè/bakeri. Europris ligg også i Øvre Årdal, samt ein møbelforretning.

Du finn også eit friluftsbasseng som er vel verdt turen om du først er i nærleiken.

Frå stevneområdet tar det omlag 15 minutter å køyre til Øvre Årdal.

Kontakt:
Elise Fretheim Neverdal (stevneleiar), mobil 482 57 377